Oppvekst og kultur:

Kommunalsjef oppvekst og kultur har ansvar for alle prosessar, all samordning og koordinering, samt interkommunalt samarbeid innan sitt område.  Kommunalsjef oppvekst og kultur skal bidra til at organisasjonen blir opplevd som ein samla heilskap og at arbeidet blir bygd på kva som er det beste for kommunen samla sett. Kommunalsjef skal arbeida for at me får mest mogeleg ut av ressursane våre. 

Kommunalsjef har særleg ansvar for oppfølging av sine einingsleiar og for fag- og kvalitetsutvikling. 

Einingar/ansvar som ligg til kommunalsjef oppvekst og kultur sitt område: 

  • Barnehagar 
  • Skular 
  • Kultur 
  • Barnevern der Vindafjord er vertskommune 
  • PPT der Vindafjord er vertskommune 
  • SLT 

Kommunalsjef for oppvekst og kultur er til stades på råda: Ungdomsrådet og Driftsutvalet.