Ordensreglement i grunnskulen | ||||||
Oppdatert: 22.01.2019 11:34 | ||||||
Generelt | ||||||
Omtale
Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for grunnskular, og fylkeskommunen skal gi forskrift om ordensreglement for vidaregåande skular. Reglementet skal gi reglar for orden og oppførsel og kva som skjer når nokon bryt reglane.
Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre.
Ein kan ikkje nytte sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet. Ein må uansett ikkje nytte fysisk refsing eller anna krenkjande handsaming.
Bortvising ved brot på ordensreglementet
| ||||||
Målgruppe Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule og deira føresette. | ||||||
Kriterium/vilkår Før rektor sjølv gjer vedtak om bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før ein gjer vedtak om bortvising. | ||||||
Regelverk | ||||||
Sjå spesielt opplæringslova § 2-9 Ordensreglement og liknande og § 2-10 Bortvising Lover Opplæringslova Rettleiing Ordensreglement (Udir.) | ||||||
Praktiske opplysninger | ||||||
Klagemulighet Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at du har fått melding om vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. | ||||||
Kontaktinformasjon | ||||||
Ansvarlig eining
| ||||||
Kontaktpersonar
| ||||||
Andre opplysningar | ||||||
Dato oppdatert 2019-01-22 11:34 |