Sørheim Sigve på ski

Ordførarar under open himmel

Ordførar Sigve Sørheim er med på å sparke i gang Friluftslivets år 2015 ved å tilbringa ei vinternatt under open himmel.

Norsk Friluftsliv har utfordra ordførarane i heile Noreg til å sove ute i naturen vinternatta 13.-14. januar, som er sjølve opningsdøgnet for Friluftslivets år.

Alle 8 ordførarane i Sunnhordland tek utfordringa, og har lagt overnattinga til Lundstre Gard på Stord natta mellom 9. og 10. januar. At fylkesmannen kjem med ekstremværvarsel trur dei vil setja ein ekstra spiss på natta, og vil gjera det til ei natt dei seint vil gløyme.

Dette er ein nasjonal overnattingsutfordring, #nattinaturen er for ALLE. Målet er at heile Norge tar ei natt i naturen, samtidig den 13.-14. januar! Uansett kor du bur, og enten om du søv i ein lavvo, på balkongen, ved næraste vatn - få med deg familie og venner og SOV UTE I NATUREN! Kle deg godt, og ta ein sovepose-selfie frå der du er og tag bildet med #nattinaturen og #FÅ15.

 

Les meir om saka her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut