Klokkerstuen, Siri_300x302

Ordføraren har ordet

Det nye kommunestyret i Etne er i gang.

Me hadde konstituerande møte 6. oktober. Som ny ordførar er eg takksam for oppgåva, eit stort ansvar som eg lovar å gjera til det beste for folket i kommunen.  Det kan sjølvsagt bli diskusjonar om kva som er det beste, og slike diskusjonar skal me ha. Det blir viktig å leggja til rette for god informasjon, opne og breie prosessar. 

Kommunestyret valde Ingemund Berge, Krf, til varaordførar.

Leiar for komite Forvaltning: Audun  Namtvedt, Frp.  Nestleiar: Sjur Aakra, SP.

Leiar komite Drift: Sarah Marie Ness Håland, AP. Nestleiar: Roar Knutsen, Frp.

Sidan 6. oktober har det nye kommunestyret vore gjennom 2 dagar med KS sitt folkevaldprogram. Etikk, lovverk, møteskikk, rolleavklaringar og mange andre viktige sider ved folkevaldrolla var i fokus. Me blei minna om kva me har teke på oss og at me alle er folkevalde, arbeidsgjevarar og ambassadørar for  Etne kommune. Stort engasjement og mange gode innspel frå politikarane.

Kommunestyret  har og hatt 2-dagars budsjettkonferanse saman med administrasjon, tillitsvalde og leiarar. Dei ulike etatane informerte om tenestene dei tilbyr innbyggjarane. Det blei innblikk i kommunen sin økonomi  og mange spørsmål og problemstillingar blei drøfta. Det er ganske imponerande kva kompetanse og mangfald me har. Det nye kommunestyret har hatt ei bratt læringskurve. Det er ein fin gjeng med stort engasjement og stor vilje til å setje seg inn i sakene. Me har brukt dei første vekene godt og veit at no møter utfordringane oss. Rådmannen har lagt fram sitt framlegg til budsjett og det viser at Etne kommune har for lite inntekter/ overføringar til å vidareføra drifta utan endringar. Etne kommune har gode tenestetilbod.  Me går spennande og krevjande tider i møte.

Siri Klokkerstuen
ordførar

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut