Mette Heidi

Ordføraren informerer

Denne meldinga gjekk ut til alle medlemmane i Etne kommunestyre i dag

Ei veke til har passert med heile verda i unntakstilstand.  Personleg er eg ute av karantene, frisk og relativt rask.  På Tinghuset er det stille, men alle medarbeidarar står på frå sine heimekontor, de ser av saksmengd til neste veke at det blir produsert godt.  Det er eit fantastisk gode at me er så digitaliserte at dette let seg gjere.

Kohortavdelinga (smittepost) er klar til å takast i bruk, det er signal om at første pasient er venta.  Eg har vore inne på avdelinga og sett, her er ein kjempejobb som er gjort!  Det var ei sterk oppleving å gå gjennom romma på avdelinga, bilete frå overfylte sjukehus i Italia og Spania spøkte i bakhovudet, og eg tenkjer me må  prisa oss lukkelege over å bu i eit så rikt og velorganisert samfunn som Noreg er. Planen vidare er å få rydda ut av resten av det tidlegare omsorgssenteret.

PLO melder om 5 tilsette i karantene, ingen bebuarar er i karantene.  Etne oms.senter har 1 pasient i overbelegg i institusjon (31 pas), og 1 bebuar i overbelegg i bemanna bu (11 bebuarar). I Skånevik er  13 av 14 passar belagt i bemanna butilbod.  Etne kommune har for tida 2 pasientar me kjøper plass til i Ølen, dette var utskrivningsklare pasientar me ikkje hadde plass til. Me har ingen på sjukehus som ventar på plass i institusjon.  Tilsette frå oppvekst er omdisponert til å arbeida med ulike oppgåver i Etne og Skånevik.  Ingen frivillige er inne på sentera og hjelper til nå, ein ønskjer færrast mogeleg inn på sentera for å begrensa smittefaren. 

Frå oppvekst meldast det at det så langt går bra med undervisning, lærarane gjer eit stort arbeid med å tilretteleggja og følgja opp elevane. Det er klart at familiar merkar slitasje der det skal vera heimeundervisning, heimekontor og barnehage i eitt og same hus.  Det er sendt ut informasjon om kontakttelefonar mm dersom det røyner for hardt på.  Nedstengning av skular og barnehagar blir utvida til over påske.

Helsetenesta har letta opp litt igjen denne veka, mange løysingar er komne på plass, og det er nå råd å få time hjå lege og på helsestasjon.  Det meldest at testtelt og undersøkjingskontor  i Ølen fungerar godt. Det er  4 personar som har testa positivt i Etne kommune.

Det kjem ein del innspel på bruk av fritidsbustader, her rettar Etne kommune seg etter sentrale forskrifter, og me har ikkje høve til å dispensera frå desse.  Det kjem og spørsmål frå personar som ønskjer å reisa heim til t.d. foreldre til påske.  Etne kommune har ikkje stengt kommunegrensa, men har beredskap og helsevesen tilpassa innbyggjartal.  Nasjonale føringar er at all unødvendig reising skal unngåast, dersom ein må reisa må ein forhalda seg til FHI sine retningslinjer. 

Kriseleiinga har denne veka gått ned på møtefrekvens, men har framleis jamnlege møte, og vil fortsetja med det. Aktiviteten blir auka opp ved behov. Eg må berre få understreka kor fantastisk god jobb fagfolka våre gjer i KKL!  Høgkompetente,  velstrukturerte og hardtarbeidande.  Varaordførar Kenneth Karlsen har og bidrege sterkt inn i KKL og vore ein ledig ressurs som har vore godt å støtta seg på. 

Det blir lagt ut informasjon på heimesidene etter kvart som det kjem nytt, eller det blir endringar. 

Me må i desse dagane senda stor takk og varme tankar til alle tilsette i Etne kommune som står på, tek ekstraarbeid, tek på uvante arbeidsoppgåver, alt med stor innsats og positiv innstilling. Takk!

Neste veke er møteveke, Teams er sett opp til alle, og det blir køyrt testmøter måndag morgon.  Dette blir nytt, men eg har nytta dette mykje dei siste vekene og det er ein god reiskap. Pressa blir og invitert inn i møta.  Eg ber alle om å vera tidleg ute med evt endringsforslag, send ut til resten av f-skapet/utvalet i god tid, slik får me møta til å gli lettare for alle. Det er best om alle har fleire «internettapparat» ;-) tilgjengeleg under møta. Du skal kunna følgja med på skjermen i møtet, ha sakspapir tilgjengelege og følgja med på innkommande forslag på mail, det blir ei øving, men det går nok bra!

Det er varsla fint vær, få deg frisk luft og litt trim, det styrkjer immunforsvaret.  Et godt, sov godt og vask hendene ofte, hugs at det er mange som treng deg!  Har du innspel eller spørsmål, så er eg her for deg.

God helg til dykk alle!
 

Beste helsing

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar

Tips ein ven  Skriv ut