Foto: Annbjørg Bue

Ordføraren starta stafetten i Hordaland

Bondelaget sin bodstikkestafett i Hordaland starta i Etne.

Tysdag ettermiddag kunne ordførar Sigve Sørheim signere oppropet frå Noregs Bondelag. Under fana "Verdas matfat vert tømt" ynskjer bøndene å synleggjera behovet for auka matporduksjon og kva landbruket kan gjera for dette.

Bondelaget arrangerer derfor ein bodstikkestafett som går over heile landet. Fram til ei stormønstring i Oslo 12. april skal bodstikka innom alle dei 430 kommunane og 19 fylka i landet. I kvar kommune inviterer bondelaget med seg støttespelarar.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut