Ordføraropprop

Ordføraropprop

64 ordførarar har underteikna eit opprop for å slå eit slag for villaks og sjøaure. Ordførar i Etne, Sigve Sørheim, var ein av fem som troppa opp på fiskeriminister Elisabeth Aspaker sitt kontor for å overlevera oppropet.

Ordførarane ønskjer med dette å oppmoda regjeringa til å kome med sterkare innsats for å løysa utfordringane knytt til lakselur og dei ville laksefiskane. Dei ber om at det vert sett større krav til at oppdrettsnæringa vert dreven miljøvennleg og bærekraftig.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut