Du må vere logga inn som brukar for å kunne søkje:
- Gå til oversikta over ledige stillingar
- Vel aktuell stilling og deretter "Søk på stilling".
- Om du er tilsett, vel "Gløymt brukarnamn/passord" (oppe i høgre hjørne), skriv inn e-postadressa og vel send. Du vil da få passord sendt til deg på e-post.
- Logg inn med brukarnamn og passord.
- Har du ikkje brukarnamn og passord frå før, kan du velje "Registrer søkjar".
- Har du gløymd brukarnamn/passord, vel "Gløymd brukarnamn/passord" (oppe i høgre hjørne).
- Eit kriterie for å søkje på interne stillingar i Etne kommune er at du er fast tilsett.
Sjå oversikt over ledige stillingar her
Registrer/endre CV
- Gå til oversikta over ledige stillingar, logg inn med brukarnamn og passord (oppe i høgre hjørne).
- Vel "Meg sjølv". Her kan du endre informasjon om personalia, pårørande, cv m.m..
Assistanse?
Dersom du treng hjelp til å søkje stilling elektronisk, kan du ta kontakt med Tenestetorget på telefon 53 75 80 00.
Me ser fram til å få deg med på laget - velkommen som søkjar i Etne kommune.
Karriere Vestland
– gratis karriererettleiing for nye moglegheiter
I dei tilfella der ein skal gjera viktige karriereval, som til dømes velja høgare utdanning, eller skifta jobb av ulike årsakar, opplever mange at ein samtale med ein profesjonell karriererettleiar kan bidra til refleksjon, ny innsikt og større handlingsrom.
Vi hjelper gjerne når du
- Må eller vil finna ny jobb
- Skal søkja etter ny jobb
- Tykkjer det er vanskeleg å orientera deg i arbeidsmarknad, eller utdanningssystem
- Er på kva du kan bruka kompetansen din til
- Har mista motivasjon i høve til jobb eller utdanning
- Skal du søkja høgare utdanning, eller vidareutdanne deg
- Treng påfyll av ny kompetanse, men er usikker på kvar og korleis du skal gjera det?
Du kan bestilla deg time her.
Karriere Vestland er Vestland fylkeskommune sitt tilbod om gratis og profesjonell karriererettleiing til alle vaksne over 19 år.
Meir informasjon finn du på
www.karrierevestland.no
Karriere Vestland på Facebook
Karriere Vestland på Linkedin
Motto