Pinnekjøtt i glass

Pass på julefettet!

Rotter, dyre overfløymingar og store reparasjonskostnader. Jula betyr kos med god mat, men det er og eit potensielt mareritt for private og kommunale røyr. 

Stadig fleire kommunar opplever tette avløpsrøyr og fleire rotter enn normalt i kloakken i julehøgtida. Ribbefettet får skulda. Fettet legg seg som ei tjukk hinne inne i røyra.

– Avhengig av at vi ikkje misbrukar
Etne kommune åtvarar innbyggarane sine mot å helle fettet i vasken.
Avløpsrøyra kan nemleg bli tette dersom du tømmer matfett og matolje ut i vasken. Ribbefettet er endå mindre populært. Dyrefett stivnar nemleg raskare i røyra. Og jo kaldare det er, jo raskare stivnar det.
I fjor meldte røyrleggarar over heile landet om store problem knytta til matfett.
Mange norske kjøkken har støypejernsrøyr i bruk. Desse røyra er ikkje rekna for dagens bruk, og dei gror og tettar seg raskt fordi dei ikkje har ei glatt overflate slik som plastrøyra har.
– Tette avløpsrøyr kan føre til ubehagelege overfløymingar, flaum, korrosjon og aukte reparasjons- og vedlikehaldskostnadar. Eit avløpssystem som skal fungere skikkeleg er avhengig av at vi ikkje misbrukar det.

Varmt vatn hjelper ikkje
Og det hjelper ikkje å skylle matfettet ut i varmt vatn.
– Då forflyttar du bare problemet då det vil stivne før eller seinare når det vert avkjølt. Proppane med matfett kan føre til avløpsstopp, noko som kan gjera store skadar ved for eksempel kjelleroverfløymingar, heiter det.
Kjem fettet ut i det kommunale leidningsnettet, vil avleiringar legge seg inne i dei store røyra. Det gjer næring til rotter med påfølgande bestandsauke, i tillegg til at avløp kan bli delvis blokkert.

Julefett.jpg
Lettvint, men uheldig måte å kvitte seg med ribbefettet. (foto:Newswire/ANB)


Ikkje bare julefettet tettar avløpsrøyret, våtserviettar og resirkulert toalettpapir legg seg og som ein klump og tettar røyra. Resirkulert toalettpapir løyser seg ikkje opp.

Unngå ei ubehageleg oppleving i jula! 

  • VIS Fettvett!
  • VIS dovett!
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut