Statskog-millionen

Penger til friluft og norsk natur

Nå bør idrettslaget eller foreningen planlegge årets friluftstiltak. Før sommeren får 70-80 tiltak medvind i form av 5 000 eller 10 000 kroner. 

Statskogmillionen er open for vårens søknader frå og med 1. april. Det treng absolutt ikkje vera noko gigantprosjekt for å vera aktuelt.

- Nei, nesten tvert i mot. Vi vel ut 70-80 søkjarar i kvar runde som kvar får 5 000 eller 10 000. Det er jo ikkje dei heilt store summane, men det er utruleg kva frivillige organisasjonar kan få ut av pengane, seier kommunikasjonssjef i Statskog, Trond Gunnar Skillingstad.

Målet med Statskogmillionen er å underbygge friluftsliv i norsk natur landet rundt.

- Det er viktigare enn nokon gong og bidreg til livskvalitet og folkehelse. Det kjenner ekstra mange på nå, etter nokre fantastiske påskedagar, seier Skillingstad.

Tidlegare tildelingar har gått til alt frå oppgradering av stiar til bålmarsj, buldrevegg, utedo og benker på utsiktspunkt. Her finn du eksempel landet rundt frå forrige utbetaling: https://www.statskog.no/nyheter/pengedryss-til-friluftsliv-i-norge 

Søknad sendast inn gjennom skjema på Statskog sin nettstad, www.statskog.no/statskogmillionen.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut