PIS barn

PIS grupper - skilsmissegrupper

Skulehelsetenesta vil tilby PIS grupper («skilsmissegrupper») i vinter.

PIS barn.jpg  PIS ungdom.jpg

Me startar først opp ved Enge skule f.o.m. 6. november. I Skånevik utpå nyåret. Det blir 6 samlingar i grupper på 4-6 elevar à ein skuletime.

Gruppene blir i skuletida, og er gyldig fråvere. Me er to helsesøstre tilstades og leiar alle gruppene.

 

Dokumenterte resultat nasjonalt frå slike grupper er at borna/ungdomane blir tryggare på seg sjølv, og kan sjå det er fleire i same båt som kan vere til hjelp og støtte. Borna/ungdomane kan bli betre på å sette ord på tankar og kjensler. Det kan bli lettare å finne løysingar og våge å snakke med foreldra om det som er vanskeleg/kva dei ønskjer, og få auka forståing for situasjonen. Me vil ved hjelp av ulike kommunikasjonsmetodar vera innom tema som oppbrot, samvær, utvida familie, feriar/feiringar og tankar om eiga framtid.

 

Me tilbyr to opplegg; eit frå (4.)5. – 7. klasse og eit frå 8.-10. klasse (dersom me ikkje fyller heilt opp gruppene på mellomsteget, kan evnt. aktuelle 4. klassingar delta).

 

Vedlagt finn de informasjonsskriv til foreldra for mellomsteget og ungdomsskulen.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut