Plan for idrett, friluftsliv- og kulturanlegg i Sunnhordland 2016-2020

Melding om oppstart av planarbeid

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har i møte 30. oktober 2015 vedteke å revidere eksisterande plan for regionale idretts, friluftsliv og kulturanlegg i Sunnhordland 2011-2013(15).

Planen omfattar kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes og skal vise kva regionale anlegg som finst i området i dag og kva behov og planar ein har i planperioden.

For å få ein best mogeleg plan, ser vi det som viktig å få innspel frå anleggseigarar, organisasjonar og andre aktuelle partar. Eksisterande plan kan ein få ved å ta kontakt med Samarbeidsrådet for Sunnhordland på telefon 53 45 67 90 eller på epost firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Innspel til planarbeidet vert å senda til Samarbeidsrådet i Sunnhordland, Postboks 444, 5403 Stord eller på epost firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no innan 09.12.15.

Innspela kan vera forslag til nye regionale anlegg og behov som ein ser vil kome i dei næraste 4 åra. Innspela må vera skriftlege.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut