Planarbeid for kulturfeltet

Kulturplan

Høyringsfrist 4. januar 2018

2017-11-21

Etne kommunestyre gjorde i november 2016 vedtak om utarbeiding av ein ny, overordna plan for heile kulturfeltet inkludert planar for idrett og friluftsliv, bibliotek og kulturminne. Etter krav frå Kulturdepartementet blir det nå parallelt med Kulturplanen utarbeidd eigne kommunedelplanar for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet og for Kulturminne.
Planprogramma for dei to førstnemnde planane er nå ute til høyring med frist 4. januar 2018.

Eit planprogram er eit verktøy for tidlig medverknad. Det skal fortelja om formålet med planarbeidet, avklara viktige problemstillingar, avklara eventuelle utgreiingsbehov og seia korleis planlegginga skal gjennomførast. Planprogrammet vil gi alle interesserte høve til å koma med innspel og synspunkt tidleg i prosessen, før det er trekt nokon konklusjonar. 

Me inviterer difor innbyggjarane i kommunen til å engasjera seg i arbeidet. Innspel til planprogrammet kan sendast Etne kommune v/ Kultur, Sjoarvegen 2, 5590 Etne eller post@etne.kommune.no

Høyringsutkast planprogram Kulturplan.pdf

Høyringsutkast planprogram for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.pdf

Tip a friendTips ein ven