helsenorge_hjerneslag_mannitrapp

Plutseleg vanskeleg å prate, smile eller løfte armane? Ring 113!

Har du mistanke om hjerneslag skal du ringe 113 med ein gong. Kjenner du til symptoma kan du redde liv.

Hjerneslag oppstår plutseleg og kor som helst, og kvart år vert rundt 12 000 ramma i Norge.

Alle kan havne i ein situasjon kor det er avgjerande å kjenne igjen symptoma på hjerneslag.  Om nokon plutseleg får problem med å prate tydeleg, smile eller løfte hendene over hovudet, må du ringe 113 så fort som mogeleg.

Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølv eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandling av hjerneslag. Dei gjenkjenner ikkje symptoma og venter for lenge med å kontakte helsetenesta.

 

Kvart sekund tel

Viss den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling er mogelegheitane større for å unngå varige skadar.

Det er grunn til å tru at mange ventar med å ringe 113 fordi dei er usikre om symptoma er alvorlege nok, eller dei er redde for å vera til bry.

Kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringe 113 om du er i tvil – det er deira jobb å vurdere slike førespurnadar. Ring heller 113 ein gong for mykje enn for lite. 
 

Fakta om hjerneslag:

  • I Noreg får rundt 12 000 hjerneslag kvart år. Sjukdommen er den tredje hyppigaste dødsårsaka i landet, og den vanlegaste årsaka til alvorleg funksjonshemming og langvarig institusjonsomsorg.
     
  • Hjerneslag oppstår plutseleg på grunn av blodpropp eller blødning i hjernen.
     
  • Hjerneslag kan ramme både ung og gammal. Risikoen aukar stort med alderen, og gjennomsnittsalder for førstegongs hjerneslag er 75 år for menn, og 78 år for kvinner. Tre av fire som får hjerneslag er over 70 år.
     
  • Problem med å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet er vanlege symptom.
     
  • Prognosen vert betre når hjerneslagpasientane kjem tidleg til behandling, og kan behandlast med blodproppoppløysande middel eller mekanisk fjerning av proppen.  To millionar hjerneceller døyr kvart minutt dei første timane etter at eit hjerneslag inntreffer.
     

Lenke til helsenorge.no/hjerneslag

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut