Valresultat
Valresultata for Etne kommune og krinsane finn du her:
Valresultat.no
Val 2021 - Når og kvar kan du stemma?
Tidlegstemmer er førehandsstemmer som vert mottekne i perioden frå og med 1. juli og fram til og med 9. august. Ordninga gjeld alle velgarar og er meint for dei som ikkje har høve til å stemma innanfor den ordinære førehandsstemmeperioden, eller på valdagen.
Kvar og når kan du tidlegstemma?
Du kan gi tidleg førehandsstemme i resepsjonen ved Etne tinghus.
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Periode
1. juli til og med 9. august
Opningstid
Måndag til fredag klokka 09.00-15.00
Hugs å ha med legitimasjon!
Den ordinære førehandsstemmeperioden er frå og med 10. august til og med 10. september.
Me oppfordrar flest mogleg til å førehandsstemma ved årets val for å begrensa smitterisiko på grunn av koronapandemien. Me vil sørga for godt smittevern i førehandsstemmelokalet. Alle velgarar skal føla det trygt å komma for å avgi si stemme.
Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil.
Kvar og når kan du førehandsstemma?
Førehandsstemminga vil foregå i resepsjonen på Etne tinghus.
- Ope måndag til fredag kl 09.00-15.00
Utvida tider for førehandsstemming
Etne tinghus
- Torsdag 2. september kl 15.00-19.00
- Laurdag 4. september kl 13.00-15.00
- Måndag 6. september kl 15.00-19.00
Grohallen på Markhus
- Måndag 23. august kl 16.00-19.00
Skånevik Fjordhotel
- Tysdag 24. august kl 16.00-18.00
Røysting på institusjon
- Etne omsorgssenter - måndag 23. august kl 10.00-11.30
- Skånevik omsorgssenter - tysdag 24. august kl 14.00-15.00
Etne tinghus
- Torsdag 2. september kl 15.00-19.00
- Laurdag 4. september kl 13.00-15.00
- Måndag 6. september kl 15.00-19.00
Grohallen på Markhus
- Måndag 23. august kl 16.00-19.00
Skånevik Fjordhotel
- Tysdag 24. august kl 16.00-18.00
Røysting på institusjon
- Etne omsorgssenter - måndag 23. august kl 10.00-11.30
- Skånevik omsorgssenter - tysdag 24. august kl 14.00-15.00
Vallokala i Etne kommune har desse opningstidene:
- Etne kulturhus kl 10.00-20.00
- Skånevik skule kl 10.00-20.00
- Sævareid skule kl 15.00-20.00
Du kan stemma i det stemmelokale du vil, men det er ein fordel om du stemmer i den kretsen du høyrer til. Dette med tanke på smittevern og for å forhindra unødvendig kø i det enkelte vallokalet.
For å stemma på valdagen må du stå i manntalet i den kommunen du skal avgi stemme i (vera registrert busett i Etne kommune 30. juni i valåret).
Ditt vallokale står oppført på valkortet som du får tilsendt digitalt frå Valdirektoratet.
I førehandsstemmeperioden
Velgarar som ikkje kan avgi stemme i eigna lokale på grunn av sjukdom, uførhet eller isolasjonsplikt grunna covid-19, kan etter søknad til valstyret avgi førehandsstemme der dei oppheld seg. Det er ikkje krav om skriftleg søknad, du kan ringa vårt sentralbord og be om å få stemma heimefrå.
Fristen for å søke er kl. 10.00 fredagen før valdagen.
Stemmegjeving etter førehandsperioden
Velgarar som ikkje kan avgi stemme i eigna lokale på grunn av isolasjonsplikt grunna covid-19, kan etter søknad til valstyret avgi stemme der dei oppheld seg.
Fristen for å søke er kl. 10.00 på valdagen.
Dersom dette gjeld deg ta kontakt på telefon 53 75 80 00.
Dette er krava du må oppfylla for å kunne røysta ved stortingsvalet 2021:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busatt i Norge
Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit røystelokale på valdagen, eller ved å avgi førehandsrøyst. Har du avgitt førehandsrøyst, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemma om du ønskjer å avgi førehandsrøyst eller røysta på valdagen.
Meir informasjon om aktuelle dagar for førehandsrøysting i Etne kommune vert publisert etter kvart.
Har du flytta og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2021, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å røysta der valdagen eller førehandsrøysta i Etne.
Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart, rundt 10. juli og til og med valdagen, på servicetorget ved tinghuset i Etne.
Ved det komande stortingsvalet får du tilsendt valkortet ditt digitalt.
Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.
Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer).