Twist, ponni3

Ponni-besøk på Etne omsorgssenter

Twist helste kvar enkelt bebuar velkommen og tok seg tid til ei «kosestund» med alle.

Sabine Witteck som er tilsett ved omsorgssenteret, hadde idèen om å ta med seg Twist på besøk slik at bebuarane kunne få ei oppleving utanom det vanlege. Twist er 17 månader gammal og er ein liten hingst av rasen amerikansk miniatyrhest. Han er ein terapihest som kjem frå ein stall i Stavanger.

Twist helste kvar enkelt bebuar velkommen og tok seg tid til ei «kosestund» med alle.
Han er kjempetålmodig og veldig snill.

- Å sjå dei glødande augene og breie smila til bebuarane, det fekk fram nokre små tårer hos enkelte av oss, seier avdelingsleiar Doreen Halleland.

Å finne det gyldne øyeblikket – det fann Twist!
Dei takkar Twist for besøket og gledar seg allereie til å helse på igjen!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut