Praktisk bistand- opplæring

Oppdatert: 14.02.2019 09:44
Generelt
Omtale

Opplæring i husarbeid og matstell, personleg hygiene, påkledning, opplæring i forbinding med måltider og bu vegleiing. Kan også omfatte kvardagsrehabilitering, opplæring i bruk av tryggleiksalarm og/eller ulike omsorgsteknologiske løysingar. Eksemplar:

  • Hjelp og opplæring for å kunne meistre daglege gjeremål.
  • Opplæring i å ivareta eiga helse.
  • Opplæring knyta til deltaking i ulike typar aktiviteter.
  • Trening og opplæring i sosiale ferdigheiter.
  • Opplæring i andre naudsame aktiviteter.

Formålet med tenesta er å gjere den enkelte mest mogleg sjølvstendig i dagleglivet.

 

Målgruppe

Personar som kan meistra mykje sjølv, men har behov for tenester i form av opplæring og/eller vegleiing  i daglege gjeremål.

Personar med behov for å førebyggje åtferd som får negative konsekvensar for dei sjølve.

Kriterium/vilkår
  • Kan verte innvilga til personer som er avhengig av opplæring for å få auka mestring av dagleglivets gjeremål som personleg hygiene, toalettbesøk, av- og påkledning, tilbereding av måltid, innkjøp av kler, fylgje til lege, tannlege osv.
  • Ved fri frå arbeid, dagtilbod eller manglande tilbod på dagtid kan tenesta også innvilgast til personer som har behov for oppfylging for å unngå negativ utvikling. Dette i form av sjølvskading, isolering eller åtferd som er til irritasjon, til sjenanse eller som opplevas krenkande.

Kartlegging av brukars behov med IPLOS vurdering skal gjennomføras.

Medisinske opplysninger frå fastlege innhentas ved behov.

Regelverk

Pasient- og brukerrettighetslova § 2-1 a andre ledd jf.

Helse- og Omsorgstenestelova § 3-2 fyrste ledd nr. 6 bokstav b.

 


Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tenester, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknadane vert handsama fortløpande

Søknaden sendes til

Etne kommune v/Helse,

Sjoarvegen 2,

5590 Etne.

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Gurine Fosse (Avdelingsleiar)
Telefon: 53 75 81 50
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost:
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-02-14 09:44