Du er her: Heim Tenester A-Å

Praktisk bistand- personleg hjelp

Oppdatert: 14.02.2019 09:31
Generelt
Alternativt navn
Heimehjelp
Omtale

Du kan søkje om tenester dersom du treng praktisk hjelp til reingjering, eller personleg stell. Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime lengst mogleg.

 

Målgruppe

Personar som ikkje kan dra nytte av tenesta som vert tilbydd av andre/private.

Prioriterte brukargrupper:

Søkjarar som bur åleine og som har heimesjukepleie.

Søkjarar som er avhengig av omfattande hjelp i heimen /førebyggja innlegging i institusjon .

Søkjarar med betydeleg helsesvikt .

 

Kriterium/vilkår

Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Du har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, eller av andre årsaker.

Dersom du vert tildelt tenesta, kan det ytes bistand til:

  •  å bli sjølvhjulpen i eigen heim.
  •  reingjering av rom i bustaden som er i dagleg bruk.
  •  hjelp til å bestille matvarer, dersom vedkomande ikkje har pårørande /andre som kan hjelpe med dette.
  •  hjelp til vask av tøy.
  •  bistand på grunn av barn eller foreldre sin sjukdom eller funksjonshemming

Kommunen stiller krav om at søkjar tillet montering /plassering av naudsynt hjelpemidlar i eigen heim for at heimehjelpa kan utføre arbeidet. Kommunen stiller også krav om at naudsynt utstyr for å utøve reinhald er tilgjengeleg og i god stand. Det vil seie støvsugar, støvsugarposer, mopp, bøtte, heile og reine vaskefiller og vaskemidlar.

Ein må ta høgde for at kommunen ber om at tepper eller møbler vert fjerna, slik at arbeidet kan utførast på ein hensiktsmessig måte.

Kommunen kan stille krav om at det må utførast omfattande vask av heimen før tenesta kan starta opp.

Kommunen forventar at søkjar legg forholda til rette for eit forsvarleg arbeidsmiljø, med tanke på at tenesteytar har moglegheit for god handhygiene (såpedispenser og tørkepapir), fysisk belastning, romtemperatur, husdyr og røyk. Vegar skal vera brøyta og strødde slik at tenesteytar kjem fram til heimen.

Det vert ikkje utført praktisk bistand på helg og høgtidsdagar. Hjelp som fell på desse dagane går ut og det vert trekk i betaling for desse dagane.

Kartlegging av brukars behov med Iplos vurdering skal gjennomførast.

Medisinske opplysningar frå fastlege innhentast ved behov.

 

Pris for tenesten

Praktisk bistand – daglege gjeremål, har ein eigenandel der prisen er basert på husstanden sine samla inntekter.  Betalingssatsar vert fastsett årleg av kommunestyret.


Taksthefte
Samarbeidspartnarar

Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Skjema


Søknad om helse- og omsorgstenester
Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknadane vert handsama fortløpande

Søknaden sendes til

Etne kommune v/pleie og omsorg,

Sjoarvegen 2,

5590 Etne.

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal handsama saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

 

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
 
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Pleie og omsorg
Leder:Børve, Reidun Holmefjord
Kontaktpersonar
Reidun Holmefjord Børve (Leiar PLO)
Telefon: 53758142
Mobil: 97148988
Telefaks:
Epost: reidun.holmefjord.borve@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-02-14 09:31