Corona2

Presisering og oppmoding angåande hytteforbod

Forbodet gjeld og for campingplasser

Etne kommune viser til forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot opphald på fritidseigedommar mv. i anledning utbrot av Covid-19.
Kommunen oppmodar elles om å reise minst mogleg, dette for å ikkje belasta andre kommunar sitt helsevesen.

Etne kommune har i dag ei sterk oppmoding om at ikkje campingplassar vert nytta i denne situasjonen me er inne i. Det er ulike smittekjelder på små og store campingplasser, og me ber om at campingplasseigarar og gjester føl desse tilrådingane for å unngå smittespreiing. Det vil bli vurdert stenging av campingplasser dersom tilrådingane ikkje vert følgd opp.


Bjørn Tollefsen
Kommunedirektør

Tips ein ven  Skriv ut