Corona2

Pressemelding 02.12.20

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune onsdag, 02.12.20 kl. 11.30

 

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 50 personar.
  • Totalt smitta sidan 5. november:  46 personar
  • Totalt siste døgn: 1 person
  • Innlagt på sjukehus: 0 personar
  • Personar i karantene: ca. 13
  • Prøvar utan svar: 13

Ein ny smitta person i Etne kommune siste døgn. Alle nærkontakter har fått beskjed. Smitteveg er foreløpig ukjent.


Etter tilbakemelding frå innbyggjarar så ynskjer me i dag å setja fokus på frykt knytt til Covid -19:

I juli hadde helseminister ein tale som var veldig viktig. Han sa desse orda  "Jeg frykter at skam skal gjøre smitten og sykdommen tyngre å bære. Vi må ikke gjøre dette mot hverandre."

Til nå har 50 personar i Etne fått erfare korleis det er å ha korona. Nokre har ikkje kjent noko, mens andre har erfart korleis sjukdomen har herja med dei. Dei fleste har kjent at det er ubehageleg å vera Covid-19 sjuk, men nokre har også fått kjent at det er vanskeleg å gå ut i samfunnet igjen.

Beste våpen mot frykt er kunnskap.

 

10 viktige fakta om Covid-19

1) Smitte med koronavirus, skjer hovudsakeleg i nær kontakt (under 1 meter) ved at ein blir eksponert for dropar frå luftvegane som inneheld virus.

2) Covid-19-sjuke personar er mest smittsame i dagane rundt symptomstart.

3) Dropar/partiklar med smittsamt virus kan overførast frå luftvegane til andre overflater og vidare derfrå til luftvegane til ein annan person.

4) Alle som bur i same husstand som ein Covid-19 sjuk blir sett i karantene i minst 10 dagar, nokre må vera 15 dagar i karantene.

5) Ein lege følgjer opp den sjuke gjennom heile sjukdomsforlaupet .

6) Isolasjon blir oppheva når minstekravet for isolasjonstida (10 dagar) er fullført OG ein har vore feberfri i minst 24 timar.

7) Studiar viser at ein ikkje skil ut virus når det er gått 10 dagar frå symptomdebut, sjølv om ein har litt restsymptom som for eksempel slappheit og hoste. (Gjeld dei som har hatt vanlege forlaup, ikkje intensivbehandling)

8) Ein treng ikkje testa seg på nytt for å avslutte isolasjon.  

9) Virus lever ikkje evig på overflater. Tidlegare studiar har vist at det er opptil 3 døgn på harde overflater som metall og plast.

10) God handhygiene hjelper


Covid-19 rammar alle. Pass på kvarandre. Ikkje la frykt komma mellom oss.

 

Husk:
Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang

 

Elisabeth Winterthun

Kommuneoverlege

Tips ein ven  Skriv ut