Corona

Pressemelding 07.11.20 kl. 18.45

Oppdatert informasjon til alle innbyggjarar i Etne kommune.

Det er totalt fire personar som har testa positivt på covid-19 denne veka. Det er ein noko uklar smittesituasjon i kommunen, og kriseleiinga i Etne har i samråd med folkehelseinstituttet og fylkesmannen tilrådt nye og strengare tiltak.
Situasjonen blir vurdert fortløpande, og endringar vil bli oppdatert på Etne kommune si nettside. www.etne.kommune.no

SKULAR, KULTUR OG BARNEHAGAR:
Som eit førebyggjande tiltak har Etne kommune bestemt å stengja Skånevik skule frå og med måndag 9. november til og med onsdag 11. november. Alle, både elevar og tilsette, er i karantene frå og med i dag 7. november. Karantene gjeld førebels fram t.o.m. onsdag. Det vil koma ny informasjon når me har testresultat. Karantene betyr at ein unngår kontakt med andre.

Frå måndag 09.11.2020 vil alle barnehagar og Enge skule gå til raudt nivå, slik det var då me opna etter den stengte perioden i vår. Det betyr at:
- Alle skal levera og henta sine utanfor porten.
- Ein må halda reglane for smittevern og vera særs flinke på å halda avstand.
- Det kan hende at barnehagane ikkje kan ha ope så lange dagar som det brukar å vera. Her kjem den enkelte barnehage ut med meir informasjon til sine føresette.

Me må hjelpa kvarandre i denne krevjande situasjonen. Det handlar om at me må ta oss sjølv og andre i vare.

Testing av elevar og tilsette ved Skånevik skule samt føresette som arbeider i Helse og omsorg
Det blir testing av alle elevar og tilsette samt føresette som arbeider i helse og omsorgstenester i kommunen. Testing vil gå føre seg ved idrettsplassen ved Skånevik idrettshall søndag 8. november frå klokka 15.00. Alle må koma i bil og køyra i kø, og folk må førebu seg på litt venting. Alle som skal testa seg vil få SMS frå skulen eller smittevernlegen. Det er viktig at alle møter opp for testing! Viss du ikkje har bil, så møter du kl 15.45.

Endringar av besøksrutinar ved Etne og Skånevik omsorgssenter
Grunna smitteutbrotet i kommunen ser me det som nødvendig å innføra strengare reglar for besøk til Etne og Skånevik omsorgssenter for å redusera risikoen for ytterlegare smitteutbrot. Dei nye reglane gjeld frå søndag 08.10.2020 tom 15.11.2020.

· Det vert tilrådd eit besøk dagleg for kvar bebuar.
· Berre næraste pårørande får koma på besøk og berre to personar om gongen.
· Besøkstid vert sett til klokka 10:30 – 12:30 og 16:00 – 17.30
· Besøkjande har ansvar for å nytta munnbind (ta med sjølv) under besøket og halda to meter avstand til bebuar.

Reglane må sjåast i samanheng med gjeldande reglar. Me minner elles om dei generelle reglane for hygiene.

For anna informasjon ringjer du som vanleg 53 75 80 00 eller tar kontakt på korona@etne.kommune.no

Bjørn Tollefsen                                   Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Kommunedirektør                              Ordførar

Tips ein ven  Skriv ut