Corona2

Pressemelding 09.11.20 kl. 21.40

Alle nærkontaktar er nå kontakta av kommunen sitt smittesporingsteam. 

Nærkontaktane er sett i karantene og vil bli testa tysdag.  Me ventar svar på prøvar onsdag eller torsdag. Me har per nå ikkje oversikt over alle smittevegar, og den lokale situasjonen er uklar. Det er oppretta kontakt med folkehelseinstituttet og fylkesmann for å gjere vurderingar om målretta tiltak for å førebyggja vidare utvikling av smittesituasjon.

 

Me vil takke alle som deltok i «massetestinga» i Skånevik søndag. Fantastisk å sjå at så mange deltok. Dette vil hjelpe oss i vidare kartlegging av situasjonen.

 

Me set og stor pris på alle som er så positive og samarbeidsvillige når dei blir kontakta som nærkontaktar til covid-19 smitta, det er særs viktig at me står saman og får kontroll på situasjonen.

 

Husk:

Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang

 

Bjørn Tollefsen                                                              Mette Heidi Bergvåg Ekrheim

Kommunedirektør                                                         Ordførar

 

Tips ein ven  Skriv ut