Corona2

Pressemelding 10.11.20

Etne kommune stadfestar at to nye personar har testa positivt på Covid-19. Etne har nå totalt 11 smitta siste veka. Ein er innlagt på sjukehus. 
 

Av 206 testar var det tirsdag kveld motteke prøvesvar på 203. 

Den eine nye smitta er tilsett i Skånevik barnehage, dette utløyser stengning av avdeling Askeladden i barnehagen. Alle borna og tilsette på denne avdelinga er rekna som nærkontaktar og er sett i karantene i 10 dagar frå 6/11.  Borna blir tilbydd Covid-19-test. Dei vaksne i barnehagen som er nærkontaktar er sett i karantene i 10 dagar og blir testa.
I samråd med FHI blir ikkje dei andre avdelingane i Skånevik barnehage stengde, men grunna bemanningssituasjonen blir det ein liten reduksjon i opningstida. 

Alle nærkontaktar til dei smitta blir kontakta av smittesporingsteamet i Etne kommune på onsdag. 

Etne kommune kjem med ny oppdatering onsdag. 


Bjørn Tollefsen                                                          Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Kommunedirektør                                                     Ordførar

Tips ein ven  Skriv ut