Corona2

Pressemelding 11.11.20

Etne kommune stadfestar at det er 1 ny smitta i kommunen. Denne har kjent smitteveg og smittesporing er sett igong. Alle nærkontaktar er kontakta. 

Totalt smitta i kommunen sidan mars 2020: 16
Smitta siste veke: 12
Innlagt sjukehus: 1 
 
Prøvesvara frå massetestinga i Skånevik viser at det ikkje er barn eller vaksne med påvist covid-19 ved Skånevik skule. Skulen vil  opnast att imorgon torsdag 12.11.20.  
 
Ein avdeling ved Skånevik barnehage vil vera stengt grunna karantene tom måndag 16.11.20
Skular og barnehagar i Etne kommune driftar på raudt-nivå ut veke 46.

Elisabeth Winterthun
Smittevernlege

 

Tips ein ven  Skriv ut