Corona2

Pressemelding 11.11. kl. 22.40

Etne kommune stadfestar at 4 nye har testa positivt for covid-19 etter siste pressemelding. 

Smittesporingsteamet jobbar med å kontakta nærkontaktar og ein reknar med å ha fått kontakt med alle i løpet av kvelden.

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 20 personar
  • Totalt smitta siste veka: 16 personar
  • Innlagt å sjukehus: 0 personar

Ein av dei smitta er tilsett ved Enge skule. Som konsekvens av smitten er alle born i 3. klasse og nokre av dei tilsette ved skulen sett i karantene som nærkontaktar.
Dei skal vera i karantene til og med 19.11.20. Føresette har fått informasjon gjennom skulen sitt meldingssystem og vil få meir informasjon i løpet av morgondagen.
Då mange av dei tilsette ved Enge skule er i karantene, vil det bir heimeskule i morgon torsdag 12.11.20.

Bjørn Tollefsen                                    Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
kommunedirektør                                ordførar

Tips ein ven  Skriv ut