Mette Heidi

Pressemelding 15.05.2020

Frå ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

Det har nå gått 2 månader sidan Korona-krisa for alvor sette inn.  Etne, landet og verda måtte stengja ned.  Situasjonen har vore utfordrande for den enkelte, for familiar, arbeidsplassar og samfunnet generelt.  Sjølv om me nå litt etter litt opnar opp samfunnet, er det framleis viktig å vera påpasselege med avstand og smittevern.  For nokre risikogrupper vil opninga faktisk bety at dei må vera endå meir forsiktige.  Alle må ta godt vare på seg sjølv og kvarandre.  Etne kommune vil retta ei stor takk til dykk alle for å ha vore så flinke og tålmodige, det har gjort at me har slått ned smitten og nå har situasjonen under kontroll. 

Kommunal kriseleiing (KKL) som har vore sett sidan 12.mars, er nå oppløyst.  Det vil sei at Etne kommune reknar å vere tilbake i vanleg drift. KKL har som oppgåve å ha ein overordna funksjon i høve iverksetjing av tiltak i krisesituasjonar, og har ikkje vore operativ samanhengjande i ein så lang periode før. Kriseleiinga er samansett av Kommunedirektør, Ordførar, varaordførar, kommuneoverlege, kommunalsjefar, beredskapskoordinator, informasjonsansvarleg og leiar IKT.  Dersom situasjonen tilseier det blir det sett kriseleiing på kort varsel, du skal føla deg trygg på at Etne kommune ivaretek situasjonen forsvarleg.

Skulane, barnehagane og kultureininga melder om at dei har hatt ein god oppstart. Det er litt utfordringar med skuleskyss, her har mange foreldre stilt opp og køyrer borna sine. Takk til dei som har høve til dette, det lettar situasjonen for alle.

Frå måndag 18. mai vil alle tilsette vera tilbake frå eit tilvære med heimekontor. Førebels kan ikkje Etne tinghus bli opna for besøkjande, det vil skje når det er etablert trygge soner i resepsjonen. Du kan kontakta sakshandsamarane på telefon eller mail.

NAV er nå slått saman med Vindafjord kommune, men du kan framleis treffa sakshandsamarar på Tinghuset etter nærare avtale.

På politisk nivå har alle planlagte møte blitt gjennomført på i digitale møterom, både internt i kommunen og i dei samarbeidsorgana kommunen deltek i. Dette har fungert godt, og kanskje har me gjort oss erfaringar som i framtida spara oss for litt reising og tidsbruk.

Heimesida til Etne kommune vil framleis oppdatera funksjonen  «Informasjon om koronaviruset« som ligg øvst  på sida, det er viktig å følgja med der. Dersom du har spørsmål knytta direkte til situasjonen kan du senda dei til: korona@etne.kommune.no

Igjen, stor takk til elevar, foreldre, tilsette, frivillige, næringsdrivande og alle andre innbyggjarar som deltek i denne store dugnaden for vårt felles beste!

 

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
ordførar

Tips ein ven  Skriv ut