Corona2

Pressemelding 15.11. kl. 20.50

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune søndag 15.11.20 kl. 20.50

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 33 personar.
  • Totalt smitta sidan 05. november: 29  personar
  • Totalt siste døgn: 6
  • Innlagt på sjukehus: 1  person
  • Personar i karantene som nærkontakt: ca 90 personar
  • Prøvar utan svar: 0

Smittesporing pågår. Alle nærkontaktar vil bli kontakta. Det er ingen kjent smitte i skule og barnehage knytt til dei 6 nye positive prøvesvara. Foreldre/føresette vil få eigen melding om korleis ein skal forhalda seg ved skuleoppstart ved Enge skule måndag. Skule og barnehage er framleis i raud beredskap ut neste veka.

Det er påvist Covid-19 smitte hos ein bebuar ved omsorgssenteret i Skånevik. Smittesporing og kartlegging pågår. Det er kjent smitteveg i denne saka. Mange av nærkontaktane er tilsette, og det vil difor bli eit redusert tenestetilbod til me får oversikt over situasjonen. Alle bebuarar er sett i karantene og dei kan difor ikkje ta imot besøk. Skånevik omsorgssenter er stengt inntil ny beskjed blir gitt.

Det kjem ei oppdatert pressemelding seinare i kveld knytt til skjerpa og presiserte tilrådningar.

Husk:
Hald avstand - Vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar

Tips ein ven  Skriv ut