Corona2

Pressemelding 16.11.20

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune måndag 16.11.20 kl. 17.00

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 33 personar.
  • Totalt smitta sidan 05. november: 29  personar
  • Totalt siste døgn: 6 (søndag kveld)
  • Innlagt på sjukehus: 1  person
  • Personar i karantene som nærkontakt: ca 90 personar
  • Prøvar utan svar: 100

Det er inga endring på smittetala frå pressemeldinga som vart send ut søndag kveld.

Kommunen har nå vore i kontakt med alle nærkontaktar knytt til dei smitta.

Det er i dag gjennomført testing av bebuarar og tilsette ved omsorgssenteret i Skånevik, her ventar ein svar på testane tidlegast tysdag ettermiddag/kveld.


Husk:
Hald avstand - Vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang


Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar

 

Tips ein ven  Skriv ut