Corona2

Pressemelding 18.11.

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune onsdag, 18.11.20 kl. 10.00 

Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 37 personar.
Totalt smitta sidan 5. november:  33 personar
Totalt siste døgn: 4
Innlagt på sjukehus: 1 personar
Personar i karantene: ca. 110
Prøvar utan svar: 71

Dei siste resultata viser at det ikkje er nye smitta i barnehage og skule. 
Det er påvist Covid-19 smitte hos ein ny bebuar ved omsorgssenteret i Skånevik. 
 
Smittesporing pågår og dei fleste nærkontaktar har allereie fått beskjed. Det er stor pågong på testkontoret i Ølen, så ein oppmodar alle om å ha tålmod når ein ringjer for å avtale test.
 
Husk: 
Hald avstand - Vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang 
 
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar
Tips ein ven  Skriv ut