Corona2

Pressemelding 19.11.20

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune torsdag, 19.11.20 kl. 10.00 

Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 44 personar.
Totalt smitta sidan 5. november: 40 personar
Totalt siste døgn: 7
Innlagt å sjukehus: 1 person
Personar i karantene: ca. 100
Prøvar utan svar: 45
 
Dei siste resultata viser at det ikkje er nye smitta i barnehage og skule. 
Me har nå oversikt over situasjonen på Skånevik omsorgssenter etter massetesting. Ein tilsett og to bebuerar på Skånevik omsorgssenter har testa positivt for Covid-19, medan alle andre har testa negativt. Tiltak er iverksett for å hindre smittespreiing.
 
Dei 7 positive prøvane i går har alle kjente smitteveier og alle nærkontaktar har fått beskjed. 
 
Husk: 
Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang 
 
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar
Tips ein ven  Skriv ut