Coronavirus Covid-19 background - 3d rendering

Pressemelding 20.11.20 kl. 15.00

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune fredag, 20.11.20 kl. 15.00 

Lokale tiltak i Etne kommune blir forlenga
Med utgangspunkt i at Etne kommune dei to siste vekene har registrert 42 nye smittetilfelle og at smittepresset av den grunn framleis er høgt, så har kommunen si kriseleiing bestemt at dei lokale oppmodingane og tiltaka som allereie er iverksett skal gjelda fram til og med fredag 27.november. 

Tiltak for Etne kommune
Gjeld frå 20.11.20 kl. 01.00 til og med fredag 27.11.20
 
Sjukeheimen blir stengt for besøk i perioden 20.11. tom 27.11.
           a. Unntak for besøksreglane ved spesielle høve, som besøk i livets sluttfase.
           b. Bemanna omsorgsbustadar er ikkje stengde, men ein tilrår at ein ikkje gjennomfører besøk i same periode.
Arrangement: 
          o Tilrådinga er å gjennomføre færrast moglege arrangement
          o Ein tilrår å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
Heimekontor for alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap.
Me tilrår at alle held 2 meter avstand (utanom i husstanden) der det er mogeleg.
Personar som er i risikosona bør unngå nær kontakt med andre.
Tilrår stans i breiddeidretten for både born og vaksne der ein ikkje kan halda 2 meter avstand.
Ein tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar kor ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand. Ein tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for born i grunnskulen    og personar som ikkje kan nytte munnbind av helsemessige årsaker. Ein tilrår bruk av munnbind i drosje.
 
Oppdaterte smittetal:
Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 46 personar.
Totalt smitta sidan 5. november:  42 personar
Totalt siste døgn: 2 personar
Innlagt på sjukehus: 1 personar
Personar i karantene: ca. 130
Prøvar utan svar: 90
 
Barnehage og skule:
Barnehagane og Skånevik skule går frå raudt til gult nivå frå måndag 23.november. 
 
Enge skule:
Det er i dag kome informasjon som gjer at det er mogleg smitte hos elev i 10.klasse ved skulen. Me har i samråd med FHI vald å setja klassen og tilsette i karantene inntil prøvesvar føreligg. Det er forventa prøvesvar i løpet av helga, og klassen/tilsette/føresette vil få informasjon når me har fått prøvesvar. 
 
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar
Tips ein ven  Skriv ut