Corona2

Pressemelding 21.11.20

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune laurdag, 21.11.20 kl. 11.00

  • Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 47  personar.
  • Totalt smitta sidan 5. november:  43 personar
  • Totalt siste døgn: 1 person
  • Innlagt på sjukehus: 0 personar
  • Personar i karantene: ca. 110
  • Prøvar utan svar: 35

 

I går ettermiddag blei 10. klasse og lærarar sett i karantene som eit førebyggjande tiltak på grunn av mistanke om smitte hos ein elev. Med hjelp frå Haugesund Sjukehus kunne prøven analyserast på få timar og allereie same kveld kunne me avkrefta mistanken om smitte. Ein letta 10. klasse kom diffor ut av karantene etter kort tid.  Omtrent samstundes kom det inn prøvesvar om smitte hos ein 2. klassing på Enge skule. Dermed blei alle foreldre og tilsette i 2. klasse på Enge skule varsla om karantene som nærkontaktar i 10 dagar frå 16.11.20. Smitteveg er ukjent og kommunen har difor oppmoda alle elevar og tilsette i 2.klasse om å testa seg på teststasjonen i Ølen. Dette vil skje over helga, og alle dei involverte vil få beskjed om når dei skal møte. Enge skule er på raudt nivå fram til 27.11.20.
 

Husk:

Hald avstand - Vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang

 

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

Ordførar

Tips ein ven  Skriv ut