Corona2

Pressemelding 23.11.20. kl.10.00

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune måndag, 23.11.20 kl. 10.00 

Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 48 personar.
Totalt smitta sidan 5. november:  44 personar
Totalt siste døgn: 0 personar
Innlagt på sjukehus: 0 personar
Personar i karantene: 75
Prøvar utan svar: 10
 
Dei siste døgna har smittetala vore låge og mange kjenner på ei lette omkring dette. Som smittevernlege ber eg dykk følgja smittevernsråda vidare, då kan me halda pandemien under kontroll. 
 
Det aller viktigaste er å halda seg heime om ein kjenner seg sjuk. Har du symptom som feber, sår hals, hoste, tungpust, mista smak/lukt sans eller kjenner deg "influensa-sjuk" bør du gå å testa deg. Kontakt teststasjonen i Ølen på telefon 53656034 for å avtale time.
 
For å avgrensa smitte må me halda god avstand til andre og avgrensa tal på personar me er saman med. Bruk munnbind der ein ikkje kan halde 2 meter avstand til andre på fritida (gjeld ikkje barn under 12 år). 
 
Ta vare på kvarandre. Ta ein ekstra telefon til dei som sit åleina. Lat oss førebyggja sosial isolasjon og einsemd.
 
Husk: 
Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang 
 
Elisabeth Winterthun
Kommuneoverlege
Tips ein ven  Skriv ut