Coronavirus Covid-19 background - 3d rendering

Pressemelding 26.11.20

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune torsdag, 26.11.20 kl. 10.00 

1. Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 49 personar.
2. Totalt smitta sidan 5.november:  45 personar
3. Totalt siste døgn: 0 personar
4. Innlagt på sjukehus: 0 personar
5. Personar i karantene: ca. 64
6. Prøvar utan svar: 26
 
Smittetala går ned i Etne kommune, men nasjonalt er smittetala såpass høge at regjeringa i går valde å forlenga dei nasjonale tiltaka vidare i 3 veker. I Etne har me endå strengare råd, som gjeld fram til i morgon i fyrste omgang. Det vil då komme ein ny uttale frå Etne kommune om kva tiltak me vil tilrå å vidareføre for å halde kontroll på pandemien. 
 
 
Husk
Hald avstand - Vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang 
 
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar

 

Tips ein ven  Skriv ut