Corona2

Pressemelding 27.11.20

Oppdatert Covid-19 informasjon frå Etne kommune fredag, 27.11.20 kl. 14.00

Totalt smitta i Etne kommune sidan mars: 49 personar.
Totalt smitta sidan 5. Nov:  45 personar
Totalt siste døgn: 0
Innlagt på sjukehus: 0 personar
Personar i karantene: ca. 22
Prøvar utan svar: 7
 
Sidan måndag har det berre vore 1 bekrefta smitta i Etne kommune, dette tilseier at me opphevar kriseleiinga i denne omgongen, og er tilbake i driftsfase. Me kan takke alle innbyggjarane i Etne kommune for at Covid-19 ikkje fekk spreia seg meir.  Vår oppleving er at innbyggjarane har følgt råda om å avgrense sin sosiale kontakt med andre. Me opplever at dei med luftvegssymptom har tatt symptom på alvor og fått testa seg.  Vaksne er flinke til å bruke både munnbind og handsprit når dei går på butikken, og born har ikkje vore på aktivitetar utanom skule i 14 dagar. Alt hjelper! Takk til alle som har støtta opp om den nasjonale og lokale dugnaden vår, og takk til alle tilsette i kommunen som har hatt eit ekstra abeidspress i denne perioden. 
 
No er tida komen for å lette litt på dei lokale råda våre. Me gjer dette for at borna og dei eldste i samfunnet vårt ikkje skal måtte bera den tyngste børa av isolasjon og einsemd. Me gjer dette for at born skal få delta i organisert aktivitet, for at oldemor eller oldefar skal få treffe familien sin, og for at hjula i samfunnet sakte skal rulle vidare. Også i ein pandemi.
 
For å klare dette, og likevel hindre å få ei auke i smittetal, krev det litt meir av oss andre. Me kan skapa trygge rammer for dei mest sårbare i samfunnet med å framleis avgrensa vår reiseaktivitet, avgrensa våre sosiale kontakt, halda oss heime når me kjenner oss sjuke og følgja opp smittevernsråda.
 
Alle barnehagane og skulane er på gult nivå frå og med måndag 30.11.20
 
Etne kommune minner om at regjeringa har forlenga dei nasjonale tiltaka ut veke 50: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak-fra-5.-november/id2783881/
 
Etne kommune forlenger tiltak og råd til befolkninga i Etne kommune tom 29.11.20 slik dei står nå:
 
  • Sjukeheimen blir stengt for besøk i perioden 27.11. tom 29.11.
           a. Unntak for besøksreglane ved spesielle høve, som besøk i livets sluttfase.
           b. Bemanna omsorgsbustadar er ikkje stengde, men ein tilrår at ein ikkje gjennomfører besøk i same periode.
  • Arrangement: 
          o Tilrådinga er å gjennomføre færrast moglege arrangement
          o Ein tilrår å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
  • Heimekontor for alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap.
  • Me tilrår at alle held 2 meter avstand (utanom i husstanden) der det er mogeleg.
  • Personar som er i risikosona bør unngå nær kontakt med andre.
  • Tilrår stans i breiddeidretten for både born og vaksne der ein ikkje kan halda 2 meter avstand.
  • Ein tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar kor ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand. Ein tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for born i grunnskulen og personar som ikkje kan nytta munnbind av helsemessige årsaker. Ein tilrår bruk av munnbind i drosje.
 
Frå måndag 30.11.20 til søndag 13.12.20 gjeld følgande lokale tlrådingar:
 
  •  Arrangement: 
           0  Tilrådinga er å gjennomføre færrast mogleg arrangement
           0  Me tilrår å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
  • Heimekontor for alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap.
  • Me tilrår at alle held 2 meter avstand (utanom i husstanden) der det er mogeleg.
  • Personar som er i risikosona bør unngå nær kontakt med andre.
  • Me tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar kor ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand. Ein tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for born i grunnskulen, og personar som ikkje kan nytte munnbind av helsemessige årsaker. Ein tilrår bruk av munnbind i drosje.
  • Me tilrår stans i organisert aktivitet  for  vaksne over 20 år der ein ikkje kan halda 2 meter avstand.
 
Endring:
Etne omsorgssenter(sjukeheim) blir opna for besøk frå måndag 30.11.20 med besøksrestriksjonar. Pårørande og bebuarar får direkte informasjon om dette.  Det vil kome eigen melding om gjeldande besøksrestriksjonar på heimesida til Etne kommune. 
Organisert aktivitet for barn kan starte opp att. Laga føl dei nasjonale retningslinjene/veilederar for sin aktivitet.  Har du luftvegssymptom eller kjenner deg sjuk skal du ikkje delta.
 
Husk: 
Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk - avgrens din sosiale omgang
 
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar
Tips ein ven  Skriv ut