
Pressemelding frå Etne kommune - Generelle råd knytt til koronavirus
Regjeringa har nå gått ut med kraftige tiltak i 3 kommunar i Vestland som har smittespreiing med mutert Koronavirus, kalla UK Koronavirus og Sør-Afrikansk variant. I tillegg har ytterlegare 10 kommunar fått innskjerpa tiltak som skal avgrensa mogleg smittespreiing. Kommunane dette gjeld er : Bergen, Ulvik og Kvam (Kraftige tiltak) Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss og Øygarden. (Skjerpa tiltak).
• Me frårår alle reiser til dei ovanfornemnde områda som ikkje er strengt nødvendige.
• Me oppfordrar alle som kjem tilbake til Etne kommune om å væra ekstra varsame med kor mange ein omgåast med.
• Me tilrår å unngå besøk til eldre og sårbare personar dei fyrste 10 dagane etter at ein er tilbake frå aktuelle område.
• Me oppfordrar alle som har vore i dei aktuelle kommunane om å være særskilt merksame på om dei utviklar korona-symptom.
• Sjølv lette symptom som nyoppstått hovudverk, sår hals, naseforkjøling, hoste eller feber må medføre at ein testar seg og ein må være i karantene inntil svar på testen føreligger.
• Har ein i løpet av dei siste 10 dagane hatt nærkontakt med nokon som har hatt opphald i ein av disse kommunane, må ein visa varsemd, og ha låg terskel for å testa seg.
• Ein bør ikkje gjennomføra besøk på sjukeheim og omsorgsbustadar i omsorgssentera dei første 10 dagane etter heimkomst frå desse kommunane. Om ein allereie har vore på besøk hos brukarar i institusjon eller omsorgsbustad siste 10 dagane, kort tid etter opphald i ein av desse kommunane, ynskjer me at du tek kontakt med Etne Omsorgssenter.
Dersom du har testa deg utan å ha symptom etter å ha kome tilbake frå dette området bør du likevel følgja råda om å vera varsam og følgje godt med på eiga helse. Du må testa deg på ny dersom du får symptom på Covid-19.
I denne tida er dei vanlege smittevernstiltaka dei viktigaste
Hald avstand - hald hendene reine og hald deg heime om du er sjuk. Ta ein koronatest om du har symptom.
Bjørn Tollefsen Elisabeth Winterthun
Kommunedirektør Kommuneoverlege