Stengt

Korrigert pressemelding frå Etne kommune ihht. retningsliner frå myndighetene

12. mars 2020

Det er førebels ikkje påvist koronasmitte, men på bakgrunn av tilråding frå kommuneoverlegen vel Etne kommunen likevel å setja i verk ulike tiltak. Situasjonen blir vurdert fortløpande. Etne kommune oppmodar alle innbyggjarar til å følgja med på www.etne.kommune.no  
 

SKULAR OG BARNEHAGAR: 

Som eit førebyggjande tiltak har Etne kommune bestemt å stengja begge skulane, kulturskulen og alle tre barnehagane i kommunen frå og med i ettermiddag 12.03.2020.  Skyss og henting går som normalt i dag. Det er ope som vanleg på SFO i dag. Stenginga gjeld i denne omgang  for to veker framover og fram til ny informasjon blir gitt. Alle har fått skriv med seg heim om dette i dag.  

 

Våre skular har tatt i bruk iPad til alle elevar, og lærarane vil leggja opp til alternative pedagogiske opplegg desse dagane. Her kjem skulane med meir informasjon til sine elevar. Det kan bli ein utfordrande situasjon for mange når me stengjer barnehage og skule. Me håpar at dei fleste har vener, kjende og familie (ikkje besteforeldre i risikogruppa ihht. retningsliner gitt frå myndighetene) som kan stilla opp og hjelpe til om det trengs. For dei som ikkje har det, ta kontakt med skule eller barnehage. Kommunen har anvar for å leggja til rette for eit tilbod for dei som treng det. Etne kommune og bedrifter i kommunen treng folk på jobb, og det kan difor vera aktuelt at hushald slår seg saman og samarbeider.  

Me må  hjelpa  kvarandre i denne krevjande situasjonen.  

 

OMSORGSSENTERA  
Etne kommune har også valt å stengja begge omsorgssentera for besøkjande, men kvar bebuar kan etter avtale med avdelingsleiar ha besøk av ein pårørande. Dei eldre er ei utsett gruppe, og her treng me høg beredskap for å unngå smitte.  

 

KULTUR OG IDRETT 
Kino:  
Her viser me til Skakke sine heimesider for meir informasjon.      

Biblioteka:  
Biblioteka i Etne og Skånevik blir  også stengt i frå 12.03.2020.                                

Idrett: 
Alle organisert inne- og utandørs trening i kommunen blir avlyst frå 12.03.2020 og dei neste tre vekene. 

ETNE TINGHUS 
Etne tinghus vert også stengt for besøkjande frå og med 13.03.2020. Alle innbyggjarane blir jamleg informerte  gjennom heimesida og Facebook

Dersom du har spørsmål til sakshandsamar, send e-post eller eventuelt ta kontakt på telefon 53758000 . 

 

For kontakt:

 

Ordførar:                                      Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim                480 06 560

Kommunedirektør:                        Bjørn Tollefsen                                             905 19 025

Kommuneoverlege:                      Elisabeth Gunleiksrud                                  930 41 524

Tips ein ven  Skriv ut