Corona2

Korrigert pressemelding frå Etne kommune

Det er nå over 50 personar i karantene i Etne kommune, berre ein person har testa positivt, men sannsynlegvis er det fleire smitta.

Dersom nokon i karantene ikkje har hjelp til innkjøp, anna praktisk hjelp, eller treng nokon å snakka med, er det oppretta samarbeid med Frivilligsentralen og Røde Kors om kontakttelefon 902 38 354

Det er svært viktig at karantenen blir respektert, det er med å halda folk frå kvarandre at me hindrar smittespreiing! Opplys alltid andre om at du er i karantene!

 

Personar med lettare symptom treng ikkje kontakta lege, dersom du treng akutt helsehjelp ring fastlege, eller 116117.  Dette er etter FHI sine retningslinjer, det er dei retningslinjene som blir følgde i høve testing også.  Det er oppretta testsenter i Ølen, dette skal betjene Etne og Vindafjord, innbyggjarane kan ikkje berre møte opp, dei må ha avtale med fastlege om testing på førehand. Personar med luftvegssymptom blir testa ved eige kontor i Ølen, dette etter avtale med fastlege.

 

Det er endringar i legetenesta i kommunen, du får hjelp, men det er ikkje sikkert det er fastlegen din du møter. Alle vanlege kontrollar må venta, og du kan bli oppringd om at timen din må utgå. 

 

Omsorgssentra er nå heilt stengde for besøkjande, og det er strenge krav til dei tilsette der. Serveringsstader leverer ut mat, »take-away», men kafedrifta er stoppa. Retningslinjer for annan forretningsdrift blir vurdert fortløpande. 

 

Det blir heile tida arbeidd for å halda oversikten over smitten, tiltaka må strammast inn for kvar dag. Kriseleiinga i kommunen kjem saman kvar dag og prøver heile tida å vera i forkant av utviklinga. Me oppmodar eigarar av fritidseigedommar frå andre kommunar om å følgja retningslinene frå helsemymdighetene. All reising ut og inn av kommunen må haldast på eit absolutt minimum! 

 

Følg med på radio, TV, aviser, kommunen sine heimesider, og andre nettstader for å halda deg oppdatert. Dersom du kjenner nokon som ikkje har tilgang til nett, ver gild og meld til oss, eller hald dei oppdatert. Det ligg link til informasjon på andre språk på heimsida vår.

 

Seinare i veka opnar me smitteavdeling i den gamle delen av Etne omsorgssenter, her blir det sett inn utstyr for å kunna ta hand om 12 smitta.  Dersom behovet aukar, har me høve til å utvida. Denne avdelinga blir for pasientar frå både Etne og Vindafjord. Det er gjort eit omfattande arbeid med å førebu handtering av sjukdomstoppar. 

 

På heimesidene til kommunen ber me helsepersonell som for tida arbeider med andre oppgåver om å melda seg. Dette for å få ei oversikt over kven som kan vera tilgjengeleg viss det blir nødvendig. 

 

Mange står på for å halda hjula i gong, helsepersonell, reinhaldarar, butikkpersonell og mange andre. Gjer som i Italia, klapp for dei!

 

Kommuneleiinga har stor forståing for at dette er vanskelege tider å komma gjennom for mange, me ber dykk vera tålmodige og ta denne samfunnsdugnaden for å kjempa oss over denne kneika. Det vil bli betre, det vil bli bra igjen, i mellomtida må me stå samla. Hald hovudet kaldt, hald dykk til reglane som blir sett, et godt, sov godt og hald deg aktiv. Hald hjarta varmt, hjelp nokon, prat med dei som treng det. Saman er me så mykje sterkare. 

 

Tilleggsinformasjon:
Ein skal vera i karantene ved luftvegsinfeksjon.
 

"Dersom du har symptomer på akutt luftveisinfeksjon, bør du holde deg hjemme. Det gjelder også hvis du har lette symptomer som for eksempel forkjølelse eller vondt i halsen.
De fleste som har symptomer på akutt luftveisinfeksjon, behøver ikke testes for det nye koronaviruset (covid-19). Testene bør forbeholdes sårbare grupper og helsepersonellet som behandler dem. Det er laget testkriterier for hvem som bør testes.
Hvis du har luftveissymptomer, men ikke tilhører en av gruppene som er listet opp under testkriterier, behøver du ikke testes.
Du bør holde deg hjemme ett døgn etter at du er blitt symptomfri.
Mens du er hjemme, skal du være nøye med hånd- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden.
Dine husstandsmedlemmer kan leve som vanlig og trenger ikke å være i karantene, men de bør være ekstra oppmerksomme på egne symptomer. Hvis de får symptomer på luftveisinfeksjon, bør de selv holde seg hjemme til ett døgn etter symptomfrihet.
Dette gjelder også helsepersonell.
 
Hjemmekarantene:
Hjemmekarantene er aktuelt for de som ikke har symptomer på covid-19, men har hatt nær kontakt med et bekreftet tilfelle eller siste 14 dager har vært i land som omfattes av karantenebestemmelser siste. Se beskrivelse av karantenebestemmelser på siden om smittevernråd ved reise. Disse skal vera heima i 14 dagar. Dersom dei blir sjuke i perioden skal dei fortsatt vera i isolasjon i 7 døgn etter at dei er friske igjen."
Tips ein ven  Skriv ut