Prisauke på kommunale varer og tenester
Kommunestyret vedtok 15.12.10 i K-sak 109/11 m.a. nye takstar for tenester i Etne kommune. Gebyra for VAR-områda og feiing vart handsama i eigne saker.
Etne kommune skal bruka maksimalsatsar i forhold til det sentrale styresmakter
gjev heimel for når det gjeld eigenbetaling i institusjon, heimehjelpetenesta og
foreldrebetaling for plass i barnehagane.
Det er lagt inn ein generell takstauke på 2 % for varer og tenester i Etne kommune og ein auke i husleigesatsar på 1,6 %.
Etne kommune føl dei til ei kvar tid gjeldande føringane for satsar for økonomisk sosialhjelp.
Takstane gjeld frå 01.01.2012 – husleigetakstar frå 01.02.2012
Takstheftet vil bli lagt ut på kommunen si heimeside etter nyttår.