Prosjekt "Ledige landbruksbygg"

Løyving av midlar til statusvurdering av landbruksbygningar.

Fylkesmannen og Fylkeskommunen har løyvd midlar til fagleg rettleiing retta mot eigarar av gamle landbruksbygg.

Føremålet med løyvinga er å stimulere til iverksetjing av idear/planer med siktemål å skape ny næring i gamle landbruksbygg og sikre bygningsarv og kulturhistorie ved at ein tek nausynlege omsyn under restaurering og ombygging. Tilskott til fagleg vurdering av bygget er på inntil kroner 4500 per prosjekt.

Søknad om midlar skal sendast til Etne kommune, boks 54, 5591 Etne. Sjå meir informasjon her:

Link til retningsliner

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut