Du er her: Heim Tenester A-Å

Psykisk helse og rus tenester

Oppdatert: 19.12.2017 10:19
Generelt
Alternativt navn
Lågterskeltilbod - psykisk helse og rus
Omtale

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing både til deg og dei pårørande, samtalegrupper og anna.

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing, samtale og anna.

Psykisk helse- og rusteneste er eit gratis kommunalt tenestetilbod til alle som bur i kommunen. Den rettar seg mot menneske med ulike psykiske vansker og/eller rus, pårørande og menneske i livskrise. 

Ein treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å ta kontakt.

Kontor er i gamle legekontor/kyrkjekontor i Etne sentrum (brunt hus med grøn dør)

 

Spes.sjukepleiar psykisk helse, koordinator. 
Etne helsesenter/ Etne psykisk helse og rus kontor Tlf 53 75 81 02  /  917 67 973

Liv Sigrun K Kringlebotten, Spes.sjukepleiar psykisk helse
Etne psykisk helse og rus kontor 
Tlf: 954 27 629.

Ingebjørg Rullestad, Spes.sjukepleiar psykisk helse
Skånevik helsesenter/Etne psykisk helse og rus kontor (måndag-torsdag)
Tlf 53 75 85 03 / 954 91 353

Åse Langhelle, Miljøterapeut rus
Kontor Etne psykisk helse og rus / Skånevik helsesenter 
Tlf 482 49 749

Erna Johnsen, Miljøarbeidar, tlf 976 24 689

Jostein Kringlebotten, Arbeidsleiar, tlf 901 13 331

Postadresse:
Sjoarvegen 2
5591 Etne
  

Plan for psykisk helsearbeid i Etne kommune er under revidering.

 

Miljøarbeid

Psykisk helseteneste kan tilby miljøarbeid i heimar, der ein i kortare eller lengre tid vil trenge hjelp for å meistre daglege gjeremål med vekt på brukarmedverknad. (Dette er ikkje det same som heimehjelp). For spørsmål kan du ta kontakt med koordinator.


Måndagskaffi i Skånevik.

Psykisk helseteneste arrangerer saman med diakoniutvalet i Skånevik måndagskaffi kvar måndag (unntatt høgtider og feriar) mellom kl 11 og 13. Dette er eit uformelt samvær med mat og prat. Ein treng ikkje vere der heile tida, men kan komme innom når det passer. Kr 20 pr. gong. Alle er velkomne. Ved spørsmål; ta kontakt med Ingebjørg Rullestad på tlf 954 91 353.

 

Dagsenter i Etne

Held til på stova i Bustadskipinga, og har tilbod måndag, onsdag og fredag.

           Opningstider:

Måndag: 09 - 14. Tilbod om ulike aktivitetar, som for eksempel handarbeid, baking/matlaging, biljard, skinn- og sølvarbeid. Fellesmåltid Kr 30,-

Onsdag: 09 - 14.

Fredag: 09 - 15. Forutan dei andre tilboda har ein då mogelegheit for å delta på treningssenter, og nokon fredagar er ein på biblioteket. Varm lunsj kr 40,-

 

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med tenesta, koordinator tlf 917 67 973

   

Onsdagsturen

Turar hausten 2017

Kvar onsdag er turdag. Denne turen er open for alle! Turane vekslar på å vere i Etne og Skånevik, og det er fellestransport mellom bygdene. For nærare informasjon ta kontakt med tenesta, koordinator tlf 917 67 973.

 

Målgruppe

Menneske med ulike psykiske vansker og/eller rus, pårørande og menneske i livskrise. 

Kriterium/vilkår

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Ein treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å ta kontakt.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2.



Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter
Forskrift om habilitering og rehabilitering

Rettleiing
Helsetjenestens og politiets ansvar for psykisk syke - oppgaver og samarbeid (rundskriv)
Psykisk helsearbeid for barn og unge i kommunene (IS-1405)
Psykisk helsearbeid for voksne i kommunene (IS-1332)
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakta tenesta sjølv, eller få hjelp til å fylla ut søknadskjema.

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Søknad til koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (KE)
Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Fortløpande

Søknaden sendes til

Etne Kommune - Psykisk helse og rus

Sjoarvegen 2,

5590 ETNE

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Opplysningane som vert innhenta er etter ditt samtykke.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Kontaktpersonar
Bjørg Klungland (Psykiatrisk sjukepleiar)
Telefon: 53758102
Mobil: 91776538
Telefaks:
Epost:
Ingebjørg Rullestad (Psykiatrisk sjukepleiar)
Telefon: 53758109
Mobil: 95491353
Telefaks:
Epost:
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2017-12-19 10:19