Psykisk helse- og rusteneste

Psykisk helse- og rusteneste er eit gratis kommunalt tenestetilbod til alle som bur i kommunen. Den rettar seg mot menneske med ulike psykiske vansker og/eller rus, pårørande og menneske i livskrise. 

Ein treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å ta kontakt.

Kontor er i gamle legekontor/kyrkjekontor i Etne sentrum (brunt hus med grøn dør)

 

Ingebjørg Rullestad, Spes.sjukepleiar psykisk helse, koordinator. 
Etne psykisk helse og rus kontor  / Skånevik helsesenter 
Tlf 954 91 353

Tone Ekrene, Spes.sjukepleiar psykisk helse, 
Etne psykisk helse og rus kontor / Skånevik helsesenter 
Tlf 917 67 973

Liv Sigrun K Kringlebotten, Spes.sjukepleiar psykisk helse
Etne psykisk helse og rus kontor  / Skånevik helsesenter 
Tlf: 954 27 629.

Åse Langhelle, Miljøterapeut rus
Etne psykisk helse og rus kontor / Skånevik helsesenter 
Tlf 482 49 749

Erna Johnsen, Miljøarbeidar, tlf 976 24 689

Jostein Kringlebotten, Arbeidsleiar, tlf 901 13 331

Postadresse:
Sjoarvegen 2
5591 Etne
  

Plan for psykisk helsearbeid i Etne kommune er under revidering.

 

Miljøarbeid

Psykisk helseteneste kan tilby miljøarbeid i heimar, der ein i kortare eller lengre tid vil trenge hjelp for å meistre daglege gjeremål med vekt på brukarmedverknad. (Dette er ikkje det same som heimehjelp). For spørsmål kan du ta kontakt med koordinator.


Måndagskaffi i Skånevik.

Psykisk helseteneste arrangerer saman med diakoniutvalet i Skånevik måndagskaffi på Gjestgjevargarden kvar måndag (unntatt høgtider og feriar) mellom kl 11 og 13. Dette er eit uformelt samvær med mat og prat. Ein treng ikkje vere der heile tida, men kan komme innom når det passer. Kr 20 pr. gong. Alle er velkomne. Ved spørsmål; ta kontakt med koordinator på tlf 954 91 353.

 

Dagsenter i Etne

Held til på stova i Bustadskipinga, og har tilbod måndag, onsdag og fredag.

           Opningstider:

Måndag: 09 - 14. Tilbod om ulike aktivitetar, som for eksempel handarbeid, baking/matlaging, biljard, skinn- og sølvarbeid. Fellesmåltid Kr 35,-

Onsdag: 09 - 14.

Fredag: 09 - 15. Forutan dei andre tilboda har ein då mogelegheit for å delta på treningssenter, og nokon fredagar er ein på biblioteket. Varm lunsj kr 50,-

 

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med koordinator på tlf 954 91 353.

   

Onsdagsturen

Kvar onsdag er turdag. Denne turen er open for alle! Turane vekslar på å vere i Etne og Skånevik, og det er fellestransport mellom bygdene. For nærare informasjon ta kontakt med koordinator på tlf 954 91 353.

Onsdagsturar, vår/sommar 2018

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut