Du er her: Heim Tenester A-Å

Psykisk helse og rus tenester

Oppdatert: 03.10.2019 13:18
Generelt
Alternativt navn
Lågterskeltilbod - psykisk helse og rus
Omtale

Psykisk helse- og rusteneste er eit kommunalt tenestetilbod til alle som bur i kommunen. Tenesta rettar seg mot menneske med ulike psykiske vansker og/eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. 

Tenesta har kontor i Etne og Skånevik.

Du kan søkje hjelp hos tenesta om du har akutte kortvarige psykiske utfordringar, eller alvorlige og langvarige psykiske sykdommer eller rusutfordringar.

Tenesta består av 3 spesialsjukepleiarar-psykisk helse og 1 miljøterapeut rus.

Ein tilbyr veiledning/støttesamtalar/kognitiv terapi og pårørandesamtalar.

Tenesta har eit arbeid/aktivitetstilbud. Dette er et tilbud til mennesker som har behov for hjelp til aktivitet, og å ha sosial omgang med andre.

Miljøarbeider med videreutdanning i psykisk helse går heim til mennesker og hjelper til dersom ein har behov for hjelp til praktisk handtering av kvardagen/aktivitet.

Etne kommune har tilbud om dagsenter 3 dagar per uke. Dagsenteret tilbyr ulike aktiviteter.

Tenesta organiserer turer hver onsdag.

I Skånevik blir det arrangert et møtepunkt der ein treffes 1 gong per uke "Mondagskaffi"

 

 

 

 

 

Målgruppe

Menneske med ulike psykiske vansker og/eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. 

Kriterium/vilkår

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Ein treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å ta kontakt.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2.



Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter
Forskrift om habilitering og rehabilitering

Rettleiing
Helsetjenestens og politiets ansvar for psykisk syke - oppgaver og samarbeid (rundskriv)
Psykisk helsearbeid for barn og unge i kommunene (IS-1405)
Psykisk helsearbeid for voksne i kommunene (IS-1332)
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakta tenesta sjølv, eller få hjelp til å fylla ut søknadskjema.

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Fortløpande

Søknaden sendes til

Etne Kommune - Psykisk helse og rus

Sjoarvegen 2,

5590 ETNE

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Opplysningane som vert innhenta er etter ditt samtykke.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
 
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
Kontaktpersonar
Tone Ekrene (Koordinator/fagansvarlig for psykisk helse og rus.)
Telefon:
Mobil: 91767973
Telefaks:
Epost: tone.ekrene@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-10-03 13:18