Publisering av saksdokument på Internett | |||||
Oppdatert: 03.01.2017 14:37 | |||||
Generelt | |||||
Omtale Som innbyggjar og brukar av offentlege tenester kan du lese sakslista for eit politisk utval, søknader, avslag og andre sakspapir frå ein PC der du måtte ønskje. Dette er eit ledd i informasjonsstrategien til forvaltninga der Internett i aukande grad blir nytta til å publisere saksdokument. Ein kan ikkje publisere dokument som er unnateke offentleggjering, eller som inneheld sensitive personopplysningar eller fødselsnummer. Kommunen må gjere ei konkret vurdering der ein set omsynet til offentleggjering opp mot personvernet før ein publiserer dokumenta. | |||||
Målgruppe Innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester | |||||
Kriterium/vilkår Det er høve til å publisere:
Dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande o.a. inneheld sjeldan personopplysningar som skulle føre til at ein ikkje kan publisere desse på Internett. Når det gjeld dokument som inneheld opplysningar om meir private forhold, er det personopplysningslova som set grensene for kva kommunen kan publisere. Sensitive personopplysningar (som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er ofte omfatta av teieplikta, og ein vil derfor ikkje kunne publisere slike utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, men der den det gjeld, vil kunne kjenne det tyngjande dersom dei blir offentleg kjende. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Ein kan ikkje publisere fødselsnummer på Internett. | |||||
Regelverk | |||||
Sjå blant anna personopplysningslova kap. II Alminnelige regler for behandling av personopplysninger og forvaltningslova § 13 (taushetsplikt). Lover Forvaltningsloven Offentleglova | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2017-01-03 14:37 |