Rapport etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Etne kommune

Fylkesmannen hadde tilsynsbesøk i Etne 10. februar 2015.

Dei takka for god mottaking og nyttige og konstruktive samtalar. Tilsynet opplever at kommunen tar arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på alvor og at arbeidet får naudsynt prioritet for å sikre at kommunen tek i vare befolkningas tryggleik. "Etne kommune har «ein raud tråd» frå identifiserte risikofaktorar via plan for oppfølging av risikoreduserande tiltak til beredskapsplan. Dette gjev eit godt grunnlag for det vidare samfunnstryggleiks og beredskapsarbeidet." 

Dei fann ingen avvik og gav ingen merknadar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut