Skulebarn

Redusert foreldrebetaling for SFO

Ny ordning frå 01.08.2020.
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for ein fulltids SFO-plass. 

Ordninga gjeld for elevar på 1. og 2. årssteg. 
(Forskrift til opplæringslova §§ 1B-1 og 1 B-2)

Pris for ein fulltids SFO-plass er for tida kr. 2.390,-.  Dersom ditt hushald samla tener mindre enn kr. 418.250,-, har du krav på redusert foreldrebetaling ved fulltidsplass. 

Dersom hushaldet har deltidsplass og prisen på denne utgjer meir enn 6% av hushaldet si totale årsinntekt, vil hushaldet også ha rett på redusert betaling ved deltidsplass.

  • Ved opphald på 16-19 timar vil ein ha rett til redusert betaling når inntekta er under      kr. 399.000
  • Ved opphald på 11-15 timar vil ein ha rett til redusert betaling når inntekta er under      kr. 313.250
  • Ved opphald på inntil 10 timar vil ein ha rett til redusert betaling når inntekta er under   kr. 210.000

Søknadsfrist

Søknadsfristen er normalt 20. juli.
For SFO-året 2020/21 er søknadsfristen 15. september. Alle søknader som er mottekne før denne fristen, vil gjelda heile SFO-året, altså frå 1. august. Faktura vert korrigert i september.

Søknader som kjem inn etter fristen, vert behandla etter kvart som dei kjem inn, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen får søknaden, og gjeld for eitt SFO-år.

Slik søkjer du:

Du trenger desse vedlegga:

Før du skal søkja må du finna fram siste års skattemelding (sjølvmeldinga). Denne må du leggja ved søknaden du sender inn. Den er dokumentasjon på at du faktisk har krav på rabatt.

Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal desse dokumenterast. Dette er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden vert ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Dersom du nyleg er komen til Noreg og ikkje har skattemelding, lønsslippar eller vedtak frå Nav, må du leggja ved politiattest på opphaldsløyve.

Søknad med vedlegg sender du via: Visma Flyt Skule https://skole.visma.com/etne

Hugs at søknaden må sendast til den kommunen barnet er folkeregistrert.

Tips ein ven  Skriv ut