Skulebarn

Redusert foreldrebetaling for SFO

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for ein fulltids SFO-plass. 

Ordninga gjeld for elevar på 1. og 2. årssteg. Frå august 2021 også for 3. og 4. årssteg
(Forskrift til opplæringslova §§ 1B-1 og 1 B-2)

Pris for ein fulltids SFO-plass er pr. 01.02.2021 kr. 2.440,-.  Dersom ditt hushald samla tener mindre enn kr. 427.000,-, har du krav på redusert foreldrebetaling ved fulltidsplass. 

Dersom hushaldet har deltidsplass og prisen på denne utgjer meir enn 6% av hushaldet si totale årsinntekt, vil hushaldet ha rett på redusert betaling også ved deltidsplass.

Det vil seia at:

  • Ved opphald på 16-19 timar vil ein ha rett til redusert betaling når inntekta er under      kr. 407.750,-
  • Ved opphald på 11-15 timar vil ein ha rett til redusert betaling når inntekta er under      kr. 320.250,-
  • Ved opphald på inntil 10 timar vil ein ha rett til redusert betaling når inntekta er under  kr. 215.250,-

Søknadsfrist
Søknadsfrist for nytt SFO-år er 20. juli. Alle søknader som er mottekne før denne fristen, vil gjelda heile SFO-året, altså frå 1. august.

Søknader som kjem inn etter fristen, vert behandla etter kvart som dei kjem inn, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den første heile månaden etter at kommunen får søknaden, og gjeld for eitt SFO-år.

Slik søkjer du:

Du trenger desse vedlegga:

Før du skal søkja må du finna fram siste års skattemelding (sjølvmeldinga). Denne må du leggja ved søknaden du sender inn. Den er dokumentasjon på at du faktisk har krav på rabatt.
Dersom skattemeldinga ikkje viser den inntekta du har ved søknadstidspunktet, legg ved annan dokumentasjon som viser bruttoinntekt, t.d. lønsslippar, utbetalingar frå NAV m.m. Dette gjeld både om inntekta er lågare eller høgare enn det skattemeldinga viser.

Dersom du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal desse dokumenterast. Dette er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden vert ikkje behandla før all dokumentasjon er sendt inn.

Dersom du nyleg er komen til Noreg og ikkje har skattemelding, lønsslippar eller vedtak frå Nav, må du leggja ved politiattest på opphaldsløyve.

Søknad med vedlegg sender du via: Visma Flyt Skule https://skole.visma.com/etne

Hugs at søknaden må sendast til den kommunen barnet er folkeregistrert.

Treng du hjelp, kan du ta kontakt med skulen eller resepsjonen på Tinghuset.

Tips ein ven  Skriv ut