IMG_6858

Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger på høyring

Høyringsfrist 1. oktober 2015.

Hordaland Fylkeskommune si nettside vedrørande Kystsoneplan

 

Etne er utegløymt i dei offentlege dokumenta, rett versjon kan du lesa her:

 

Fylkesutvala i Hordaland og Rogaland har med heimel i plan- og bygningslova §§ 8-1, 8-3 og 8-5 vedteke å senda forslag til Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger på høyring og offentleg ettersyn.

Hordaland fylkesutval vedtok følgjande i møte 19. mai 2015:

«Fylkesutvalet er kjend med at det parallelt med denne fylkeskommunale planen og blir arbeidd med ein interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Fylkesutvalet ser det som viktig med ei samordning og harmonisering av dei ulike krava og retningslinjene mellom desse to planane.

Fylkesutvalet ber spesielt høyringsorgana koma med sine merknader til dei framlagde forslaga til retningslinjer innanfor dei ulike temaområda.»

 

Innhald

Planen omfattar sjøareal og strandsone i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes samt sjøareal i Vindafjord kommune, Rogaland.

Planen inneheld fire plantema:

 Berekraftig kystsoneplanlegging

 Akvakultur

 Sjøtransport og maritim næring

 Strandsona

Høyringsforslaget inneheld plankart, planomtale med mål, retningslinjer, konsekvensutgreiing og handlingsprogram. Det er utarbeidd akvakulturanalyse som ligg som vedlegg til planen, samt metodeskildring til planforslaget. Det er også utarbeidd digital kartportal for plankart og temakart.

 

Informasjon

Planforslaget og informasjon om planarbeidet og høyringa ligg på våre sider: www.hordaland.no/regionalplan-sunnhordland.

Planen vert elles lagt ut på Fylkeshuset, Info- og servicesenter i 1. etg. og ved kundesentera i kommunane.

Kontakt: Eva Katrine R. Taule eva.katrine.taule@hfk.no (tlf. 55 23 92 89).

Tysdag 25. august 2015 kl. 12.30 – 15.00 inviterer fylkeskommunen alle interesserte til informasjonsmøte om planen på Stord hotell, Leirvik.

 

Høyring

Innspel skal merkast med 2014/11042 og sendast hfk@hfk.no eller Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen. Høyringsfrist er 1. oktober 2015.

Rune Haugsdal
Fylkesrådmann

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut