Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Regionalt næringfond 2010 - tildeling bedrifter / nyetableringar

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond.
Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.

Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er energi, marin og maritim sektor, reiseliv og kulturbasert næringsutvikling.
Tildeling til bedrifter – nyetableringar kan gjevast i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes. 

Det kan søkjast dekking av inntil 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

Det er lagt opp til nytt tildelingsmøte 15. november.

Søknadsfrist er sett til 1.  november

Søknad skal sendast til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord eller på e-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

 

For meir informasjon ta kontakt med Samarbeidsrådet på telefon 53 45 67 90 eller sjå på Samarbeidsrådet sine nettsider : www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut