Samarbeidsrådet

Regionalt næringsfond 2014 - ny søknadsfrist

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond. Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.  

Prioriterte satsingsområde i Sunnhordland er Nyskaping/entreprenørskap, Kulturbasert næringsutvikling/matkultur, Rekruttering/omdømmebygging, Reiseliv. 

Tildeling til bedrifter – nyetableringar kan gjevast i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.
Det kan søkjast dekking av inntil 20 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

Neste søknadsfrist er 23. november. Tildelingsmøte er 10 desember.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut